Nordnorske røyster flettar seg saman i ny diktsamling om kjærleik
- Gert Olsen
- 15. aug.
- 2 min lesing
Oppdatert: 15. aug.
Når snøen virvlar og nordavinden susar over Fauske, sit Inger Elisabeth Solem (75) og formar ord om livet i nord. No er ho aktuell med diktsamlinga «Ord i nordavind. Dikt om kjærleik» som ho har skapt saman med forfattarkollega Johannes Eines.
– Det at vi er to forfattarar som lagar bok saman gjer at boka får fram to stemmer som ser livet i nord frå ulike vinklar, fortel Solem frå heimen sin på Fauske.
Diktsamlinga, som nyleg er utgitt på Lyrikkforlaget, representerer eit møte mellom to nordnorske røyster. Medan Solem sine dikt teiknar sterke bilete av tilhøyrsle og tradisjon, følgjer vi i Eines sine dikt guten og mannen Johannes på ei reise der kjenslevare minne og draumar vert omskapte til poetiske uttrykk.
Inspirert av slekta og kysten
For Inger Elisabeth Solem har det nordnorske landskapet og slektshistoria vore viktige inspirasjonskjelder i arbeidet med boka.
– Eg er ekte nordlandskvinne, fødd i 1949. Bøker og skriving har vore ei glede for meg sidan eg var ei lita jente. Historien til landsdelen eg lever i har dei siste åra blitt ein av mine store interesser. Kva har forma menneska her og korleis levde forfedrane mine i nord i tidlegare tider? seier ho.
Solem fortel at særleg reisene langs kysten har vore med på å forme dikta hennar.
– Eg har alltid vore særleg glad i kysten, og reisene i Nord-Noreg har skapt dei beste minna hos meg. Desse reisene og slektshistoria mi har betydd mykje for meg når denne boka skulle bli til. Det er der eg har henta inspirasjon, og dikta fortel om livet som har vore, og som blir levd her.
Samarbeid som kom «rekande på ei fjøl»
Det var etter Solem si førre diktsamling, «Å fange ord med hendene», at ho kom i kontakt med Johannes Eines.
– Vi blei raskt einige om at vi hadde ein felles plattform i det nordnorske, og ideen til samarbeid om ei felles diktsamling kom «rekande på ei fjøl», fortel ho.
Solem uttrykkjer takksemd for samarbeidet med Eines.
– Eg er takksam for å få denne sjansen til å gi ut med ein medforfattar som har gitt meg inspirasjon gjennom fruktbare samtalar undervegs i prosessen.
Livet som inspirasjon
Solem har eit langt liv å hente inspirasjon frå. Ho har barn, barnebarn og har rukke å få eit oldebarn. Ho lever åleine etter at mannen hennar døydde av ALS, noko ho har fortalt om i boka «ALS − i gode og onde dager».
Denne personlege erfaringa skin gjennom i dei nye dikta, som gjev eit nært innblikk i nordnorsk kulturarv, der kvardagsscener, slektskap og naturens rytmar står sentralt.
Nordnorsk kulturarv
«Ord i nordavind. Dikt om kjærleik» er den andre boka Solem gir ut på Lyrikkforlaget. Ho har tidlegare gjeve ut fleire bøker og har bidrege i tre antologiar og eit festskrift til Helge Torvunds 70-årsdag.
No ser ho fram til responsen på den nye diktsamlinga.
– Eg har ingen umiddelbare planar om å gi ut noko meir. No har eg nettopp hatt ein «fødsel» og lenar meg tilbake og er spent på mottakinga av dette «barnet», seier ho med eit smil.

Kommentarer